Fiskehuset

(By Stein Torleif Bjella)

Book Cover Watermark PDF Icon
Download PDF Read Ebook

Note: If you encounter any issues while opening the Download PDF button, please utilize the online read button to access the complete book page.

×


Size 23 MB (23,082 KB)
Format PDF
Downloaded 612 times
Status Available
Last checked 10 Hour ago!
Author Stein Torleif Bjella

“Book Descriptions: «- Ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk.
Onkel Ivar ser rett på meg. Sjølv om panna er drivvåt, ligg den amerikanske sideskilen perfekt. Me står på vollen ved båthuset. Vatnet Storsenn breier seg mot vest. Det er større enn eg hugsar. Ivar myser i lynklart haustvêr. Han har høge gummisko, feltjakke, strikkavottar og bremluve med øyrelappar. Det er berre fire kilometer frå parkeringa, men for Ivar vart det fire mil. Framoverbøygd og tungpusta kjempa han seg hit. Tyngdekrafta og hardt ramma ryggvirvlar pressa han mot bakken. To gonger ramla han. Fyrst trakka han feil og datt sidelengs. Sekken og han låg samanfletta med ungskogen. Han freste som ein hoggorm då eg fekk han laus. Like etter datt han bakover i stigen. Han kila fast baken mellom to steinar. Då eg sprang til for å hjelpe, slo han etter meg med staven. Han kom seg laus for eigen maskin, ved å vogge att og fram. Etterpå halta han på høgrefoten. Eg tenkte at onkel ikkje lenger er mannen for haustfiske i kalde fjellvatn.»

Onkel Ivar Helgesson Aal har peika ut brorson Jon Aslesson Aal til å ta over fiskevatnet Storsenn.

Romanen "Fiskehuset" handlar om ei veke haustfiske, kunstens indre vesen, naturen som dundrar fram, kjærleiken, sanningsord og Den Store Endringa i livet til Jon Aslesson Aal.”